Grunnmuren for arbeidet med barn og unge i Austevoll

Austevoll skal vere ein trygg og god kommune å vekse opp i. Betre tverrfagleg innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell som skal bidra til at barn, unge og familiane deira får nødvendig hjelp og støtte så tidleg som mogleg. Modellen består av grunnmuren for arbeidet me gjer for barn og unge i Austevoll, og BTI-rettleiaren frå bekymring til handling.

Grunnmuren skal hjelpe oss å sikre tidleg oppdaging av vanskar og koordinert oppfølging av på tvers av tenester og nivå. Ved å arbeide etter modellen, ønsker me å sikre lik praksis og godt samarbeid.

Grunnmuren består av tre delar:

..1.. Kommunenivå
Kva planar, strategiar, rutiner og prioriteringar Austevoll kommune har for arbeid med barn og unge.

..2.. Tenestenivå
Kva ansvar og tiltak dei ulike tenestene har, og korleis dei skal arbeide med brukarmedverknad, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.

..3.. Individnivå
Korleis den einskilde tilsette skal oppdage og følge opp barn, ungdom og familiar som treng hjelp og støtte.

Modellen byggjer på den nasjonale satsinga for Betre tverrfagleg innsats (BTI), med lokale tilpasninger for Austevoll kommune.

Denne sida er nyoppretta og i stadig utvikling. Har du tilbakemeldingar, set me pris på det!

Meir om BTI-modellen