Om BTI-modellen og grunnmuren
Betre tverrfagleg innsats (BTI) er en samhandlingsmodell som bidrar til å sikre heilskapleg og koordinert innsats overfor barn, unge og familiar det er knytt undring eller bekymring til. Bekymringane kan vere både små og store. Modellen består ein handlingsrettleiar for korleis du går frå bekymring til handling, og grunnmuren for arbeidet me gjer for alle barn og unge i Austevoll kommune.
Modellen gjeld dermed både for kommunen sin innsats på eit overordna nivå, og ned til det praktiske daglege arbeidet for og med barna og familien. Fleire og fleire kommunar i Noreg og i vår region tar i bruk BTI-modellen. Den kan tilpassast lokale forhold og bidrar til å forbetre og vidareutvikle allereie eksisterande verktøy, rutinar og samarbeidsarenaer. Grunnmuren synleggjer mellom anna korleis planar, rutinar, møtearenaer og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn får rett hjelp til rett tid.
Vidare hjelper modellen Austevoll kommune i arbeidet med å:
♦ Utvikle verktøya for å bli merksame på, følgje opp og hjelpe barn og familiar
♦ Styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
♦ Auke kunnskapen til våre tilsette i arbeidet med utsette barn
♦ Styrke brukarmedverknaden til barn, ungdom og føresette
Samhandlingsmodellen er delt i tre nivå: Kommunenivå, tenestenivå, individnivå.
Betre tverrfagleg innsats (BTI)
BTI-rettleiaren er utvikla for barn, unge og familiar får den hjelpa dei treng, til rett tid og på tvers av tenestestrukturen i kommunen. BTI er ein modell for prosedyrer og samordning av tenester, for å yte hjelp til gravide, born, unge og foreldre som har eller kan ha bruk for det. BTI er ei nasjonal satsing for å sikre tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.
Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller det kan vere miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle i å oppdage og følgje opp dei som treng det.
Samordning av tenester handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe born/ungdom/familiar gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandlinga mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga.
Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, barn, unge og deira foreldre vert involverte i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine born. Brukarane skal oppleve kommunen sine tenester som oversiktelege.
Handlingsrettleiaren i BTI består av:
♦ Grunnmodell på fire ulike nivå
♦ Handlingsrettleiar
♦ Verktøy
♦ Tilsette sin kompetanse
Grunnmodellen i BTI består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå skildrar gangen i arbeidet med å avklare uro og sette i verk tiltak i og mellom tenestene.
Nivå 0: Her avklarar me om det er grunn til bekymring
Nivå 1: Skildrar tiltak innanfor kvar einskild teneste
Nivå 2: Skildrar enkelt tverrfagleg samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester
Nivå 3: Skildrar meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med born, unge eller familiar ein er uroa for. Den har som formål å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og skildre gangen i arbeidet. Austevoll kommune sin handlingsrettleiar finn du her.
Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der ulike verktøy som skal vere til hjelp for den einskilde tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro, og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltaka. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Austevoll kommune ligg her.
Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finst kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestene slik som modellen skildrar. Vi snakkar her om to typar kompetanse:
Den eine dreiar seg om å forstå og kunne bruke BTI.
Den andre dreiar seg om å vere i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å bli merksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følgje opp, og å vere i stand til å kople på den kompetansen og innsatsen som krevst.