På denne sida finn du informasjon om tenestene til barn og unge. Austevoll kommune har ulike planar, rutinar og strukturar for å sikre brukarmedverknad, tverrfagleg samhandling mellom tenestene, tidleg identifikasjon og oppfølging av barn og unge.
.
Kva meinast med tenester til barn og unge?
Ordet «tenester» blir i denne samanhengen brukt i vid forstand om verksemder som arbeider med barn, unge og foreldra deira.
Barnehage,
skule og helsestasjon følgjer opp alle barn og unge. Desse kallar me gjerne for basistenester. I tillegg er det ei rekke tenester som kan hjelpe til og følgje opp ved behov, som kan kallast hjelpetenester. Dette er mellom anna
fastlege,
tannhelsetenesta,
PPT, ergo- og fysioterapi,
skulehelsetenesta,
barnevern og psykisk helsevern for barn og unge. Les meir om tenestene her.
Tenester som følgjer opp foreldre og familiar er også viktig for barn og unge, s
lik som helse- og omsorgstenester og NAV. Å hjelpe foreldre/familien med parforhold, økonomi, fysisk og psykisk helse, avlasting eller praktisk støtte kan ha stor betyding for barn. Vaksentenester er også sentrale for å oppdage og sikre ivaretaking av
barn og unge som pårørande til fysisk og/eller psykisk sjukdom.