Evaluering er eit viktig element i å bli betre til å oppdage, følgje opp og samarbeide om tenester til barn og unge. Dette inkluderer overordna system for kvalitet, avvik og forbetringsforslag (kommunenivå), evaluering av arbeidet i dei einskilde tenestene og av samarbeidet mellom tenestene (tenestenivå), samt å evaluere oppfølging av det einskilde barn/ungdom/familie (individnivå).
Ved å evaluere tiltaka jamnt på alle tre nivåa kan me leggje til rette for utvikling av betre praksis. Både tilsette og brukarar har ei viktig rolle i evaluering.
Evaluering på tenestenivå
Evaluering handlar om systematisk datainnsamling, analyse og vurdering. Ei god evaluering av BTI og våre arbeidformer skjer ved å bruke fleire evalueringsmetodar. Me har følgjande system for evaluering:
-
-
- Systematisk evaluering internt i einingane
- Avvik og forbetringsforslag frå tilsette
- Skjema for tilbakemeldingar og forslag frå innbyggjarar (Les meir her)
- Tverrfaglege møte mellom einingane
- Systematisk arbeid med evaluering gjennom BTI-rettleiaren
- Personalmøte
- Foreldremøte
- Undersøkingar hos barn og unga gjennom Ungdata og Elevundersøkinga
-
Evaluering i kvar av tenestene
Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge skal systematisk evaluerast i alle einingar i deira interne møte. Einingane er tett på brukarane, og følgjer arbeidet tett. Dei har også relativt ofte møte med mellomleiarar frå ulike tenester, der dei snakkar om utfordringar, kva tiltak vi har og korleis tiltaka fungerer.
Leiarane i tenestene har ei viktig rolle for å styrke kulturen for at tilsette melder avvik og seier frå om kva som kan bli betre. Den einskilde tilsette har også eit ansvar for å ta opp endringar som kan betre tenestetilbodet.
Godt evalueringsarbeid er viktig for å kvalitetssikre tenestetilbodet i kommunen, men også for å sikre at tilsette har gode arbeidsvilkår og rammer for å løyse oppgåvene sine.
Brukarundersøkingar
Brukarundersøkingar er også eit viktig ledd i evalaueringa i Austevoll. Her er systematiske undersøkingar for å gjere barnehagen, skulen og situasjonen for barn og unge betre:
♦ Ungdata-undersøkinga
♦ Elevundersøkinga, les meir på UDIR
♦ Foreldreundersøkinga i skulen, les meir på UDIR
♦ Foreldreundersøkinga i barnehagen, les meir på UDIR
Systematisk evaluering i tenestene gjennom BTI-rettleiaren
Gjennom BTI-rettleiaren vil evaluering bli ein fast del av arbeidsoppgåvene i tenestene. Evaluering av tiltak i samarbeid med barn/ungdom og føresette er eit sentralt steg i BTI-rettleiaren: