Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinera innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.
Kvifor samhandling?
Helsedirektoratet kom 15. september 2022 med ein ny Nasjonal rettleiar Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar. Det står følgjande:
Til enhver tid er det barn og unge som har behov for et sammensatt tjenestetilbud med oppfølging som involverer flere aktører i velferdstjenestene. (…) For å styrke oppfølgingen av utsatte barn, unge og deres familier, er det med virkning fra 1. august 2022 vedtatt bestemmelser om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.
Om komplekse utfordringar som går på tvers av tenester og ansvarsområde:
Når ingen enkelt aktørs tiltak er tilstrekkelig og ingen tar eierskap til helheten i utfordringene barnet eller ungdommen har, finnes det en risiko for at barnet/ungdommen ikke får den hjelpen de behøver for å ha en god oppvekst eller overgang til voksenlivet. Utfordringene kompliseres ytterligere av at de ulike tjenestene gjerne har ulik tilnærming og problemforståelse. (…) Spesialisering kan bidra til fragmenterte tjenester som ikke ivaretar helheten. (…) Økt samarbeid og brukermedvirkning kan bidra til å redusere utfordringen. For å kunne møte denne typen utfordringer best mulig er det viktig at tjenestene samordnes og samarbeider.
BTI - Betre tverrfagleg innsats
Samordna tenester handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når basistenester (f.eks. skole, barnehage, helsestasjon) og hjelpetenester (f.eks. helsestasjon, PPT, barnevern, skulehelseteneste) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til styrka samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Konkrete rutiner i BTI-modellen
- Samhandling med føresette/barn, sjå nivå 0 i BTI rettleiaren.
- Samhandling mellom fleire tenester og føresette/barn, sjå nivå 2 og nivå 3 i BTI rettleiaren.
Her kan du finne lenke til samtykkeskjema for deling av informasjon. Når ein skal samhandle med andre tenester skal ein kalle inn til eit nettverksmøte. Sjå mal for invitasjon til nettverksmøte.
Tverrfaglege møteplassar
- Faste oppvekstmøte
- Einingsleiarmøte i Helse og velferd
Samarbeidsrutinar PPT og helsestasjon- og skulehelsetenesta
Kven: PPT og helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt tilsette i barnehagar og skular
Samarbeidsrutinen har som føremål å etablere rutinar og regelmessige samarbeidsmøte både på system- og individnivå. Desse skal sikre at barn og unge vert fanga opp tidleg og får naudsynt hjelp og oppfølging både av Helsestasjon- og skulehelsetenesta (SHT), og PPT. Målet er betre og tettare samarbeid mellom helsestasjon- og skulehelsetenesta og PPT, slik at barn, unge og familiar som har behov for det, får tidleg og koordinert hjelp frå tenesteområda.
Treffpunkt: Årlege møte med alle tilsette i einingane. Årlege møte med dei to leiarane. Fire årlege møte mellom tilsette som har arbeidsoppgåver i barnehage. Kontinuerleg tilrettelegging for at tilsette kan ta kontakt med kvarandre og drøfte ved behov.
Samarbeidsrutinar for helsestasjon- og skulehelsetenesta og legetenesta
Kven: Helsestasjon- og skulehelsetenesta og legetenesta
Samarbeidsrutinen mellom helsestasjon- og skulehelseteneste og legetenesta skildrar ansvarsfordeling, struktur for samarbeid og kommunikasjon krig oppfølginga av felles barn/pasientar. Det blir også skildra rutinar for samtykke og kommunikasjon med foreldre.
Treffpunkt: Årlege møte mellom fastlegar og helsesjukepleiarar. Elles ved behov.
Samarbeidsrutinar mellom helsestasjon- og skulehelsetenesta og psykisk helse og rus
Kven: Helsestasjon- og skulehelsetenesta og psykisk helse og rusomsorg
Samarbeidsrutinen set fokus på systematisk arbeid med å oppdage og sikre ivaretaking av barn og unge som pårørande. Rutinen rettar seg både mot system- og individnivå, og legg vekt på samtykke frå føresette. Rutinen omhandlar også felles kompetanseplanlegging og deling av kunnskap som er relevant for begge faggrupper.
Les også om Austevoll sin kontaktperson for barn som pårørande.
Treffpunkt: Årlege møte med alle tilsette i einingane. Årlege møte med dei to leiarane og kommunepsykolog. Elles ved behov.
Samarbeidsrutiner barnevern og helsestasjon- og skulehelsetenesta
Kven: Barnevern og helsestasjon- og skulehelsetenesta
Samarbeidsrutinen har som mål å oppnå eit betre og tettare samarbeid, og sikre at barn og ungdom fangast opp tidleg og får nødvendig oppfølging av begge tenestene. Gjennom å etablere rutinar og regelmessige samarbeidsmøte både på system- og individnivå. Oppdatering og utveksling av kunnskap blir også vektlagt.
Treffpunkt: Årlege møte med alle tilsette i einingane. Årlege møte med dei to leiarane. Elles ved behov.
Samarbeidsrutiner for helsestasjon- og skulehelsetenesta og folkehelsekoordinator
Kven: Folkehelsekoordinator og helsestasjon- og skulehelsetenesta
Samarbeidsrutinen har som føremål å oppnå eit meir systematisk og strategisk arbeid med barn og unge 0-20 år. Å bidra til samfunnsutvikling som fremmer folkehelse og utjamnar sosiale helseskilnadar, samt å sikre at kommunen har nødvendig oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan verke inn.
Treffpunkt: Årlege møte for gjennomgang av Folkehelseprofil. Kvart 4. år for gjennomgang av Folkehelseoversikt. Kvart 3 år for gjennomgang av Ungdata-undersøking.
Kriseteam - Psykososial beredskap
Kriseteamet består av fagfolk som har opplæring i å hjelpa menneske som er i krisesituasjonar.
Kriseteamet er kommunen si psykososiale beredskapsteam. Kriseteamet kan brukast i situasjonar med trong til hjelp med psykososial oppfylølging ved akutte krisar og katastrofar utover det som det ordinære hjelpeapparatet yter.
Føremålet med psykososial kriseberedskap er å yte støtte og hjelp til dei som er direkte råka i ein krisesituasjon. Målet å redusere dei psykososiale skadeverknadane av hendingar og førebyggje utvikling av kronisk, psykisk liding, særleg for barn og unge.
Rådmann, ordførar, vaktlege og politi kan kalle ut kriseteam.