I Austevoll kommune skal barn, ungdom og føresette ha reell brukarmedverknad. Brukarar har ei lovfesta rett til å medverke – kommunen og tenestene har ei lovfesta plikt til å involvere brukaren. Brukararmedverknad gjeld både retten til å delta aktivt i val som gjeld eigen helse og oppfølging (individnivå), og retten til å medverke i utforminga av tenestetilbodet (teneste– og kommunenivå).
Brukarmedverknad og involvering av barn, ungdom og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. I tida framover vil derfor Austevoll kommune fokusere på å styrke praksisen for medverknad på alle nivå.
Brukarmedverknad på tenestenivå
På tenestenivå betyr medverknad at brukarar er med å påverke, utforme og kvalitetssikre heile tenesta på eit overordna nivå. For å kunne tilby gode og treffsikre tenester er det sentralt å undersøke kva brukarar treng og meiner om tilbodet.
Det er fleire ordningar som skal sikre medverknad – slik som elevråd, ungdomsråd og foreldreråd. For at innverknaden på tenestetilbodet i Austevoll skal vere reell, krev det ein aktiv involvering i relevante saker, diskusjonar og avgjersler.
Hjelpetenestene kan gjennomføre brukarundersøkingar og nytte brukarrepresentantar eller erfaringskonsulentar i prosjekt og utvikling av tilbod. Medverknad på tenestenivå handlar også om at den einskilde tilsette er forplikta på å lytte til og fange opp innspel frå brukarane som kan endre praksis til det betre.
Viktige arenaer for medverknad på tenestenivå:
♦ Elevråd i skulen
♦ Foreldreutval FAU
♦ Samarbeidsutval
♦ Foreldremøte
♦ Ungdomsråd
♦ Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Systematiske undersøkingar for å gjere barnehagen, skulen og situasjonen for barn og unge betre
♦ Elevundersøkinga, les meir på UDIR
♦ Foreldreundersøkinga i skulen, les meir på UDIR
♦ Foreldreundersøkinga i barnehagen, les meir på UDIR
♦ Ungdata-undersøking, les meir på Ungdata.no
Barn og unge sin rett til medverknad
Barn sin rett til medverknad handlar om å ta dei på alvor. Retten er nedfelt i Barnekonvensjonen § 12 og i Noregs grunnlov § 104. Medverknad tyder i praksis å kunne vere med på å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrd og lytta til, og ha høve til å velje og påverke eigen kvardag.
Alle barn har rett til å bli høyrde i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18 år har rett til å uttale seg om det som dei er og blir involverte i. Retten deira til å seie si meining gjeld i heimen, i barnehagen, på skulen, i kommunen og på fritida.
Retten til å bli høyrde betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.
Nyttige lenker:
♦ Barn og unge og medverknad – rettleiar
♦ Handbok for medverknad