I Austevoll kommune skal barn, ungdom og føresette ha reell brukarmedverknad. Brukarar har ei lovfesta rett til å medverke – kommunen og tenestene har ei lovfesta plikt til å involvere brukaren. Brukararmedverknad gjeld både retten til å delta aktivt i val som gjeld eigen helse og oppfølging (individnivå), og retten til å medverke i utforminga av tenestetilbodet (teneste– og kommunenivå).

Brukarmedverknad og involvering av barn, ungdom og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. I tida framover vil derfor Austevoll kommune fokusere på å styrke praksisen for medverknad på alle nivå.

Barn og unge sin rett til medverknad

Barn sin rett til medverknad handlar om å ta dei på alvor. Retten er nedfelt i Barnekonvensjonen § 12 og i Noregs grunnlov § 104. Medverknad tyder i praksis å kunne vere med på å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrd og lytta til, og ha høve til å velje og påverke eigen kvardag.

Alle barn har rett til å bli høyrde i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18 år har rett til å uttale seg om det som dei er og blir involverte i. Retten deira til å seie si meining gjeld i heimen, i barnehagen, på skulen, i kommunen og på fritida.

Retten til å bli høyrde betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.

Nyttige lenker:
♦ Barn og unge og medverknad – rettleiar
♦ Handbok for medverknad

Brukermedverknad på individnivå

Brukarmedverknad på individnivå inneberer at den enkelte brukar har innflytelse og påverknad på eige hjelpe- eller behandlingstilbod. Brukarmedverknad på individnivå skjer i dei samanhengar der enkelte bruker er i dialog med fagpersonar om forhold knytt til eigne behov. For at brukarmedverknad skal være reell må brukaren være informert om sine rettar. Brukaren skal bli sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring.

Døme på medverknad på individnivå 

      • Utviklingssamtale
      • Elevsamtale
      • Helsesamtale
      • Foreldresamtale i barnehagen
      • Klassens time
      • Nettverksmøte etter BTI-rettleiaren
      • Ansvarsgruppemøte
      • Tilbakemeldingsknapp i handlingsrettleiaren
      • Samtale brukar og eining/teneste

Medverknad på BTI-arbeidet

BTI-arbeidet i Austevoll og modellen som er utarbeidd, skal evaluerast jamnt. Dei som brukar modellen kan gi tilbakemeldingar på fleire måtar. Gjennom elektronisk tilbakemelding, melding til kommunen, ved å kontakte BTI-koordinator, eller andre fagpersonar du møter i det daglege. Tilbakemeldingar er svært velkomne! Dette vil bidra til vidareutvikling av modellen etter brukarane sine behov.

Brukarmedverknad på individnivå har mange føremål

  • Brukarmedverknad kan bidra til auka treffsikkerheit i utforminga og gjennomføringa av både generelle og individuelle tilbod.
  • Brukarmedverknad har ein eigenverdi i at menneske som søker hjelp, på lik linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, mottek hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggande verdigheit.
  • Dersom ein brukar kan påverke omgivnadane gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påverke sjølvbilete på ein positiv måte og dermed styrke brukarens motivasjon.