Kommunale styringsdokument legg føringar for kommunen sine tenester for barn og unge. Austevoll kommune sine planar er basert på lokale og regionale forhold, i tillegg til å vere styrt av statlege føringar.

Kommuneplanen

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for Austevoll kommune. Kommuneplanen har derfor påverknad på arbeidet med barn og unge. Den peikar ut retninga for kommunen som samfunnsplanleggar, utviklar og tenesteprodusent.  Kommuneplanen er todelt. Arealdelen legger føringar for bruken av areala i heile kommunen (her finn du gjeldande arealdel). Samfunnsdelen fortel korleis kommunen skal løyse dei viktigaste oppgåvene, moglegheitene og utfordringane i eit langsiktig perspektiv. Desse strategiske vala legger føringar for utvikling i kommunen i åra framover. Målet er å oppretthalde og vidareutvikle velferdssamfunnet i Austevoll. (Her finn du gjeldande samfunnsdel)

Planstrategi for Austevoll 2020-2024

Det fyrste året etter eit kommunestyreval skal kommunen vedta ein strategi for planarbeidet i den komande perioden. Forenkla kan planstrategien kallast ein «plan for planlegginga». Planstrategien er grunnlag for arbeid Austevoll kommune skal prioritere og gjennomføre i perioden 2020 – 2024.

Kva følgjer har planstrategien for arbeidet med barn og unge? Under ser du utdrag frå gjeldande planstrategi for Austevoll kommune 2020 – 2024. Vedtatt i kommunestyret 25. februar 2021. Strategien tar omsyn til FN sine berekraftsmål.

Kva seier planstrategien om barn og unge?

Vi vil arbeide for at alle barn og unge skal bli gode til å lese og skrive, at dei trivst på skulen og i fritida, har venar og er aktive i kvardagen.

Dette gjer vi ved å:

♦  Leggje til rette for brukarmedverknad og involvering i all tenestyting
♦  Tilsette har høg kompetanse. Vår tilnærming er kunnskaps- og forskingsbasert
♦  Tidleg innsats og førebyggjande folkehelse er gjennomgåande i alle tenesteområda
♦  Gjennom systematisk og tverrfagleg arbeid sikra tidleg oppdaging og oppfølging av utsette barn og unge
♦  Vi har eit inkluderande samfunn med nulltoleranse for mobbing og utestenging for å få robuste barn og unge
♦  Vere tilretteleggjar for meir kvardagsaktivitet i lag med vener i fritida, i barnehagen og på skulen
♦  Kome seg til og frå på fritida

Eit utdrag: Fleire aktuelle punkt i planstrategien

 Skape ein aktiv, inkluderande og kul kulturskule som er tilpassa barn og unge sine interesser
  Etablere eit kulturhus for alle  Rette helsearbeid mot førebyggande arbeid i alle aldersgrupper
  Involvere frivillige i vårt arbeid
  Fokusere på lågterskeltilbod som kan involvere mange
  Arbeide med inkludere fleire i fellesskapet med å skape møteplassar i nærmiljøet
  Meir kvardagsaktivitet i lag med venner
  Arbeide for forståing kva miljøvennleg resussutnytting vil vere for oss
Sjå heile planstrategien her

Budsjett og økonomiplan

Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan, samt måla kommunen skal arbeida mot over ein fireårsperiode.

Kunnskapsgrunnlag

Folkehelseprofil og oppvekstprofil
Folkehelseinstituttet (FHI) publiserar årleg folkehelseprofilar og oppvekstprofilar for alle norske kommunar. Profilane gjev informasjon om helsetilstanden i befolkninga og viktige faktorar som påverkar denne.

Ungdata
Kvart år blir skuleelevar over heile landet i alderen 10 til 19 år inviterte til å vere med i spørjeundersøkinga Ungdata. Resultata blir brukte for å gjere situasjonen for barn og unge betre der dei bur. Sjå resultat frå 2021 for ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Andre planar:

Sjå fleire kommunale planar på Austevoll kommune sine nettsider