Samhandling på individnivå inneberer at tenesta og familien samarbeider og tilbodet tilpassast barnet og familien ut frå deira behov. Barnet, familien og tenesta som er involvert deltar aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Unntak ved mistanke om vald og overgrep: då kontaktar tenester barnevernet direkte.

I arbeid med barn og unge er samhandling og brukarmedverknad ein naturlig del av utforminga av det enkelte tilbodet.

Korleis barn kommuniserer at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over signal vil difor aldri kunne vere fullstendig og signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon.

Betre tverrfagleg innsats - BTI

BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling.

Austevoll kommune har utvikla ein BTI-rettleiar for oppfølging av barn og unge.

Individuell plan (IP)

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan. Individuell plan er eit planleggingsdokument og ein strukturert samarbeidsprosess. Den individuelle planen skal oppdaterast laupande og vere eit dynamisk verktøy i koordinering av tenestetilbodet. Barnets eller ungdommen sine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen. Individuell plan er frivillig og skal ikkje utarbeidast utan samtykke frå barnet eller ungdommen.

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familiane deira vedtok Stortinget nye lovendringar om individuell plan, samarbeid, samordning og barnekoordinator. Endringane tredde i kraft 1. august 2022. Les meir i den nasjonale rettleiaren for samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

Samtykke

  • Ungdommar mellom 16 og 18 år har rett til å samtykke sjølv
  • Meiningar til barn og ungdom mellom 12 og 16 år skal vektleggast i saker som angår dei sjølve
  • Eit barn som har fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og anledning til å seie meininga sin før det blir tatt avgjersle om personlege forhold for barnet. Meninga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning.