Tilbake

Rutinar og verktøy

Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.

Rutinar og verktøy

Felles rutinar og verktøy for alle tilsette i Austevoll kommune i arbeid med barn og unge: BTI – Betre samarbeid for barn og unge i Austevoll kommune

Brukarmedverknad og involvering av barn, ungdom og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. I tida framover vil derfor Austevoll kommune fokusere på å styrke praksisen for medverknad på alle nivå.

Viktige rutinar og verktøy for identifikasjon og oppfølging av barn og unge

Teieplikt

Tilsette som arbeider med barn, unge og familiar har teieplikt. Detaljane i teieplikta er litt forskjellig ut frå kor ein jobbar. Helsepersonell, barnevern og sosialtenesta har ei strengare teieplikt enn barnehagar og skular normalt har.

Det betyr at dei som arbeidar med barn og unge kan ha ulik teieplikt. Det påverkar igjen i kva grad dei kan samhandle, og inneber at samarbeidet må skje innanfor dei rammene som dei ulike føresegnene om teieplikt fastset.

♦  Alle helseprofesjonar har teieplikt i kraft av sin profesjon etter helsepersonellova § 21-29
♦  For helse- og omsorgstenesta gjeld helse og omsorgstjenestelova § 12-1.
♦  Barnehage har teieplikt etter barnehagelova § 20
♦  Skule og PPT har teieplikt etter opplæringslova § 15-1
♦  Sosialtenesta har teieplikt etter sosialtjenestelova § 44
♦  Barneverntenesta har teieplikt etter barnevernlova § 6-7

Lovverket gjev også unntak frå teieplikta, og det er i hovudsak tre typar unntak:

1. Samtykke. Opplysningar kan bringast vidare med samtykke frå den det gjeld.
2. Anonymiserte opplysningar. Opplysningar kan bringast vidare dersom dei er anonymisert.
3. Opplysningsplikt og meldeplikt. Opplysingar kan også bringast vidare til nærare fastsette tenestestyrar ut frå bestemte kriterier. Her under kjem opplysningsretten, opplysningsplikta og meldeplikta.

KS sin rettleiar: Taushetsplikt og samhandling i kommunalt arbeid for barn – ungdom – familier kan du lese meir om dette.

Samtykke

Teieplikta blir oppheva ved samtykke frå den det gjeld (fvl §13 og hpl § 22 og sotjl §44). Det er nærare reglar for korleis eit samtykke skal være gitt for at det skal reknast som gyldig. Du kan ikkje dele meir informasjon enn så langt samtykket gjeld.

Informert samtykke
For det første må eit samtykke vere frivillig utan nokon form for press. Vidare må eit samtykke vere informert, det vil seie at den som gjev eit samtykke kjenner alle konsekvensane og har forstått kva han/ho samtykka til. Den som samtykka skal få opplysingar om:

♦  Kva samtykke heilt konkret inneber
♦  Kva konkrete opplysingar det gjeld
♦  Kven som skal få opplysingane
♦  Kva opplysingane heilt konkret skal nyttast til
♦  Korleis opplysningane vert behandla, derunder lagra og sletta
♦  At eit samtykke kan trekkjast attende når som helt og eventuelle konsevensar det vil kunne få

For å sikre dokumentasjon på at ein har fått samtykke bør, eit samtykke vere skrifteleg.

Anonyme drøftingar

I enkelte saker kan det være behov for å drøfte ei uro eller ei sak anonymt for råd og rettleiing. Lovverket opnar for at opplysingar kan gjevast i anonymisert form, jf. hpl §23 nr. 3 og fvl §13a nr. 2.

I slike tilfelle er det viktig å være medveten om teieplikta. Ei sak som skal drøftast anonymt, skal faktisk være anonym.

Anonymitet inneber at det på ingen måte skal være mogleg å kjenne igjen kven opplysingane gjeld. Individualiserande kjenneteikn må takast vekk eller endrast. Tenesteyter har sjølv ansvaret for å ikkje kome i den situasjonen at teiepliktige forhold vert kjent for andre.

Når du skal drøfte ei sak anonymt, er det viktig å:

♦  Tenke igjennom på førehand kva opplysingar den andre parten treng å vite, ikkje fortell meir enn det.
♦  Være heilt sikker på at det ikkje går an å kjenne igjen personen eller saka. Dersom du trur den kan bli identifisert skal den ikkje drøftast. Eit alternativ kan være å ringe ein faginstans i ei anna kommune i landet og be om å få drøfte saka anonymt med dei.

Hovudregelen er at eit informert samtykke alltid vil vere det beste grunnlaget for å dele opplysningar.

Opplysningsplikt og meldeplikt

Dei ulike tenesteytarane vil ha opplysings- og meldeplikt i medhald av lovverket. Kva situasjonar som vil utløyse desse pliktene er nærare spesifisert i dei ulike lovene.

Opplysingsplikt
Opplysningsplikta er ei lovheimla plikt til å svare på førespurnadar eller pålegg, for eksempel frå barneverntenesta, om å gi frå seg opplysingar som er underlagt teieplikt. Den som har informasjonen har då ikkje noko val, men må følge opp førespurnaden. Ein har då ikkje berre ein rett til å bringe opplysingane vidare, men også ein plikt til å gjere det.

Meldeplikt
Meldeplikt inneber at ein på eige initiativ har ei lovheimla plikt til å varsle og dele  opplysingar ein har. Ein skal då ikkje vente på nokon førespurnad. Plikta vert løyst ut av det å ha sjølve opplysingane. Til dømes vil helsepersonell i medhald av hlspl § 33 ha plikt til å varsle barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt.

For meir informasjon om opplysingsplikt og meldeplikt; ovanfor kven dei gjeld og etter kva kriterier, sjå kapittel 5, punkt 5-9 i KS sin rettleiar om teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid for barn – ungdom – familier.