For å gjere Austevoll kommune betre rusta til å møte utfordringar og barrierer som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng, er det viktig med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, og legge føringar for det førebyggjande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge, har også her høve til å løfte problemstillingar og idear opp på eit høgare nivå.
Austevoll kommune har fleire faste møtepunkt mellom politisk og administrativ leiing, og mellom einingsleiarane i kommunen. Kommunalsjef for Oppvekst, kultur og fritid og kommunalsjef for Helse og velferd har faste møtepunkt i sine sektorar. Det er arenaer der ein møtest på tvers til samhandling, kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar, forventningar og forståing av korleis ein skal løyse oppgåver på tvers i organisasjonen.