Mange barn og unge opplever å være pårørende i løpet av oppveksten. Det kan vere store eller små hendingar som gjer barn til pårørande på ulike måtar. Det kan skje noko akutt, eller situasjonen kan vere kronisk og ein del av kvardagen.
Helsepersonell har plikt til å ta hand om barn som er pårørande.
Barn og unge (0-18 år) er pårørende når foreldre, søsken eller andre nære opplever helseproblem eller døyr. Helseproblem kan være psykisk sjukdom, avhengnad, alvorleg fysisk sjukdom eller skade. Det kan også være funksjonsnedsettingar. Openheit og føreseielegheit er viktig for at barn og unge pårørande får moglegheit til å meistre situasjonen og leve gode liv.
Kontaktperson for barn som er pårørande i Austevoll skal sikre at barnet og familien får tilbod om heilskaplege og koordinerte tenester ut fra sine ønske og behov.
Kontaktperson for barn som pårørande har oversikt over aktuelle tiltak og hjelpeinstansar internt og eksternt, samt gode kunnskaper og ferdigheitar i barn som pårørende-arbeid.
Gode råd og informasjon
Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørende (BarnsBeste) har utvikla informasjon, råd og tips om barn som pårørande til helsenorge.no. Du finn oppdaterte tekstar om barn som pårørande til fysisk sjukdom, til psykisk sjukdom og til rusavhengnad i familien. Her finn du også ein snakkeguide til kvar av dei tre kategoriane, med råd og tips for deg som skal prate med barn og unge pårørande.
Å kunne prate med barn om forholda vil kunne gi barn og unge rom til å forstå, meistre og handtere det de opplever, og ikkje minst gi barn og unge ord og omgrep som gjer dei i stand til å prate om det dei opplever.
Ressursar til helsepersonell til samtale med vaksne og barn: