Tilbake

Evaluering

Barn, ungdom og familiar i Austevoll kommune skal oppleve eit godt tenestetilbod. For å få til dette må me kontinuerleg utvikle og evaluere, og eventuelt justere, dei tiltaka og tilboda som tenestene gir. Me ønskjer å gjere meir av det som er bra, og mindre av det som ikkje fungerer. Både brukarar og tilsette i tenestene er viktige for evaluering.

Derfor evaluerer me tilbodet på individnivå; oppfølging av det einskilde barn/ungdom/familie – på tenestenivå; arbeidet i kvar tenestene og samarbeidet mellom tenestene – og på kommunenivå; overordna system for kvalitet, avvik og forbetring.

Tilbakemeldingar frå barn og unge er svært viktig. Alle barn og unge har rett til å seie meininga si og bli høyrde i alt som handlar om dei. Dette kallar me gjerne for brukarmedverknad. 

Evaluering på individnivå

Evaluering på individnivå handlar om å evaluere oppfølginga det einskilde barn, ungdom og familie får. Dette skjer på fleire måtar:

      • Faste evalueringsmøte gjennom BTI-rettleiaren
      • Utviklingssamtalar: lærar – elev – føresett
      • Foreldresamtale i barnehagen
      • Gjennom kontaktperson for barn som pårørande
      • Koordinerande eining
      • Klassens time
      • Elevråd
      • Elektronisk tilbakemelding av BTI-modellen. Dette vil bidra til vidareutvikling av modellen etter brukarane sine behov

Evaluering gjennom BTI-rettleiaren

Evaluering er eit viktig trinn i BTI-rettleiaren på nivå 1, 2 og 3. Handlingsrettleiaren har eit sterkt fokus på medverknad frå barnet/ungdommen og føresette. Gjennom rettleiaren er bruker/føresett delaktig i prosessane, og sjølvsagt også i evalueringsarbeidet. I BTI-rettleiaren blir det drøfta tiltak som er gjort, og om dei har hatt effekt eller ikkje. Videre drøftast eventuelle nye tiltak i samråd med bruker/føresett. Her finn du døme på evaluering på nivå 2.

På denne måten vil ein jamleg få evaluert arbeidet i kvar einskild sak, men også få diskusjon og vurdering kring praksis i tenesta som heilskap. Ved å følgje BTI-rettleiaren kan tilsette og brukarar gjere gode evalueringar på tenestenivå. Om dette skal føre til utvikling og endring, må dei tilsette vere lydhøyre og ta med seg innspela vidare.

Evaluering av BTI-modellen

BTI-arbeidet i Austevoll og modellen som er utarbeidd, skal evaluerast jamnt. Dei som brukar modellen, har også høve til å gi elektronisk tilbakemelding. Dette vil bidra til vidareutvikling av modellen etter brukarane sine behov.