Kommunenivå

På denne sida finn du informasjon om kva planar, strategiar, rutinar og prioriteringar Austevoll kommune har for arbeid med barn og unge. Planane skal støtte opp om tverrfagleg samarbeid og vise korleis arbeidet skal prioriterast over tid. Du finn også overordna lovverk som legg føringar for arbeidet. Dette inkluderer den lovfesta retten til brukarmedverknad, og retten alle barn har til å seie meininga si og blir høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve. I arbeidet med barn og unge, og i arbeidet med BTI, er det viktig at kommunen gjer det me har bestemt at me skal. Kvalitet- og avvikssystemet er derfor eit sentralt verktøy. Her kan tilsette finne rutinar og prosedyrar, melde avvik og komme med forbetringsforslag. Austevoll vil også legge til rette for at innbyggjarane kan komme med tilbakemeldingar. Du kan bruke dette skjemaet: Melding til kommunen