Kvalitetssystemet skal sørge for at vedtatte prosedyrar blir følgt, og at lovpålagde og planlagde oppgåver blir gjennomført. I kvalitetssystemet kan tilsette finne rutinar og prosedyrar, melde avvik og komme med forbetringsforslag. Austevoll brukar kvalitetssystemet Netpower.
Internkontroll
Austevoll kommune skal sikre at tenestene til barn og unge er forsvarlege og har god kvalitet. Kommunen har ansvar for å gjennomføre internkontroll. Det vil seie å kontrollere at arbeidet følgjer lovar og reglar, og at det følgjer våre eigne vedtak, målsettingar, rutinar og prosedyrar. Kvalitet- og avvikssystemet er eit verktøy for internkontroll.
Austevoll har avgjort å innføre BTI-modellen. Frå og med 2023 skal me arbeide med å ta denne arbeidsmetoden i bruk. Kvalitetssystemet blir dermed eit viktig verktøy. Me skal arbeide med samsvar mellom BTI-modellen og rutinar, prosedyrar og praksis. Tilsette er hjarteleg velkomne til å komme med forslag til forbetringar gjennom kvalitetssystemet. Ved avvik skal ein melde frå via avvikssystemet.
Det vil derfor vere viktig å arbeide med å styrke kulturen for at tilsette melder avvik og seier frå om kva som kan bli betre.
Meldingar frå innbyggjarar
Kvalitet- og avvikssystemet er for tilsette. Innspel og tilbakemeldingar frå innbyggjarar er likevel avgjerande for å forbetre og kvalitetssikre tenestetilbodet for barn og unge. Derfor vil Austevoll arbeide systematisk med brukarmedverknad. Som innbyggjar kan du bruke dette skjemaet (Melding til kommunen) for å sende tilbakemeldingar. Me tar imot både ris og ros, forslag til tiltak, varslingar om feil og anna som kan gjere tenestene for barn og unge i Austevoll betre. Du kan vere anonym. Merk gjerne meldinga med BTI.
NB: Hugs at meldingar til oss alltid må vurderast i høve til journalføringsreglar og offentlegheit. Ikkje send sensitive opplysingar.
Tilsyn og forvaltningsrevisjon
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Austevoll kommune er det ofte Statsforvaltaren i Vestland som utfører tilsynet, men det kan også vere Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert fylgt.