Tilbake

Statlege føringar

Det finns ei rekke lovar, forskrifter og nasjonale retningslinjer som regulerer og legg føringar for Austevoll kommune sitt tenestetilbod for barn og unge. På denne sida finn du eit utval.

Grunnlova § 104

Grunnlova § 104: Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.

Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.

Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.

Tidleg oppdaging av utsatte barn og unge

Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge skildrar korleis kommunen si leiing skal sikre at tilsette som arbeider med barn og unge har kunnskap om beskyttelses- og risikofaktorar og teikn og signal, slik at dei tidleg kan identifisere dei som lever i ein risikosituasjon. Og på bakgrunn av dette gå frå bekymring til handlig.

Målet med retningslinja er å styrke oppdaging- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunen slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging. Retningslinja har en allmenn innfallsvinkel, slik at den vil ivareta alle barn og unge med mål om å nå utsette barn og unge.

Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar

Ny nasjonal rettleiar for samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar blei publisert 15. september 2022.

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familiane deira vedtok Stortinget nye lovendringar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Endringane tredde i kraft 1. august 2022.

Føremålet med rettleiaren er å forklare dei nye føresegnene nærare, tydeleggjere ansvar og gje rettleiing på korleis ivareta desse pliktene. Målet er også at rettleiaren skal vere eit praktisk verktøy for implementering av dei nye eller endra føresegnene om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.

Barnekoordinator

Det står i helse- og omsorgstenestelova at kommunen skal peike ut ein barnekoordinator dersom barn har behov for langvarige og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Det er ein føresetnad at foreldra eller den som samtykker på vegner av barnet, ønskjer slik samordning. Den nye faglege rettleiaren for samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira skal forklare reglane nærare, gjere ansvaret tydeleg og gi rettleiing til korleis instansane kan ivareta ansvaret.

Individuell plan

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan. Individuell plan er eit planleggingsdokument og ein strukturert samarbeidsprosess. Den individuelle planen skal oppdaterast laupande og vere eit dynamisk verktøy i koordinering av tenestetilbodet. Barnets eller ungdommen sine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen. Individuell plan er frivillig og skal ikkje utarbeidast utan samtykke frå barnet eller ungdommen.

Les meir i den faglege rettleiaren for samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira