Tilbake

Brukarmedverknad

I Austevoll kommune skal barn, ungdom og føresette ha reell brukarmedverknad. Brukarar har ei lovfesta rett til å medverke – kommunen og tenestene har ei lovfesta plikt til å involvere brukaren. Brukararmedverknad gjeld både retten til å delta aktivt i val som gjeld eigen helse og oppfølging (individnivå), og retten til å medverke i utforminga av tenestetilbodet (teneste– og kommunenivå).

Brukarmedverknad og involvering av barn, ungdom og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. I tida framover vil derfor Austevoll kommune fokusere på å styrke praksisen for medverknad på alle nivå.

Brukarmedverknad på kommunenivå

På kommunenivå betyr medverknad at innbyggjarane skal kunne medverke i utarbeidinga av overordneda planar, vegval og prioriteringar i kommunen. Kommunen har særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Ungdom i Austevoll har laga ein ungdomsstrategi.

Viktige arenaer for medverknad på kommunenivå:

♦ Ungdomsrådet
♦ Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
♦ Saker blir lagt ut på høyring
♦ Gjennom folkevalde i kommunestyre
Bedre kommune sin brukarkartlegging

Barn og unge sin rett til medverknad

Barn sin rett til medverknad handlar om å ta dei på alvor. Retten er nedfelt i Barnekonvensjonen § 12 og i Noregs grunnlov § 104. Medverknad tyder i praksis å kunne vere med på å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrd og lytta til, og ha høve til å velje og påverke eigen kvardag.

Alle barn har rett til å bli høyrde i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18 år har rett til å uttale seg om det som dei er og blir involverte i. Retten deira til å seie si meining gjeld i heimen, i barnehagen, på skulen, i kommunen og på fritida.

Retten til å bli høyrde betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.

Nyttige lenker:
Barn og unge og medverknad – rettleiar
Handbok for medverknad

Ungdomsstrategi

I Austevoll har ungdomane laga ein Ungdomsstategi for Austevoll kommune. Av ungdom – for ungdom. Denne er vedtatt i kommunestyret 25.02.2021, sak 11/21.

Ungdomsrådet

  • Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som skal medverka til at barn og unge blir sikra medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for dei. Slike saker skal  leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. Rådet kan ta opp saker på eige initiativ.
  • Fråsegna frå rådet skal liggje ved saksdokumenta til det kommunale organet som endeleg avgjer saka.
  • Les meir: Ungdomsrådet – Austevoll kommune

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

  • Rådet er eit rådgjevande organ som skal medverka til at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne. Slike saker skal  leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. Rådet kan ta opp saker på eige initiativ.
  • Fråsegna frå rådet skal liggje ved saksdokumenta til det kommunale organet som endeleg avgjer saka.
  • Les meir: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne – Austevoll kommune